Frå 1. august 2009 vil det ved Forsand sk...
Frå 1. august 2009 vil det ved Forsand sk...
Frå 1. august 2009 vil det ved Forsand skule bli ledig 3 lærarstillingar. Me treng spesielt lærarar med kompetanse innan musikk, kunst & handverk, engelsk og naturfag. Det er og ledig fast stilling i 50 % som spesialpedagogisk koordinator og eit års vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i 50 % stilling.. Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor eller inspektør på Forsand skule. Søknadsfrist 15.mai 2009. Ref. Nr. 09/384.Forsand kommune ligg i Ryfylke i Rogaland fylke, omkransa av sjø, vatn og høge fjell. Her finn du kjente turistmål som Preikestolen og Kjerag. Forsand er eit flott utgangspunkt for friluftsliv med grunnlag i både sjø og fjell. Kommunikasjonane til Forsand er gode med riksvegferje kvar halvtime. Det er mogeleg å pendla innafor ei tidsramme på 40 minutt ( Sandnes), anten for arbeid i Sandnes/Stavanger eller for arbeid i Forsand. Kommunen har ein 1 -10 skule og ein heilt ny barnehage. Kommunen prioriterer oppvekst og skule. Difor er Forsand skule ein godt utstyrt skule med gode lærarressursar. Frå 1 august 2009 vil det i kommunen bli ledig: • 3 lærarstillingar, • Spespedagogisk koordinator 50 % stilling, • Vikariat som barne og ungdomsarbeidar 50 % for skuleåret******. Forsand skule har eit stabilt personale med høg kompetanse. Kunnskap, trivsel, engasjement og aktivitet er kjerneverdiane våre. Vi vil totalt sett ha behov for heile fagkretsen, men me har spesielt bruk for lærarar med kompetanse innan musikk, kunst&håndverk, naturfag og engelsk. Det bør gå fram av søknaden kva fag og trinn du ønskjer å undervisa på. På Forsand skule vektlegg me samarbeid med andre tilsette, og evne til å vera fleksibel. Referansar må førast opp. Desse blir kontakta dersom tilsetjing blir aktuelt. Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglar. For stillingane gjeld lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regulativ og instruksar. Det blir trekt 2% i pensjon av grunnlønna. Tilsetjing er gjeldande etter at den tilsette har lagt fram godkjend politiattest for arbeid med born, jfr. opplæringslova. Søknad vedlagt fullstendig CV og kopiar av attestar og vitnemål kan sendast til Forsand kommune, servicetorget, 4110 Forsand innan 15. mai 2009. Merk søknaden ref. nr. 09/384. Du er hjerteleg velkommen ein tur til Forsand skule for å helsa på oss. Ta gjerne ein telefon for nærare info, tlf +******. Velkommen med din søknad via søknadskjemaet nedenfor
Skriv ut
Bedrift
ID
69258
Relaterte annonser
- Rådgiver Organisasjonsutvikling
Statnett - Oslo - 2012-02-03 - IKT sommerprosjekt 2012
Statnett - Oslo - 2012-02-03 - Telekommunikasjonsmontør Sogn&Fjordane
Eltel Networks - Flora - 2012-02-03 - Vill Du driva StaffUp Halmstad?
Staff Up - - 2012-02-03 - Sveriges snabbast växande bemannings- och rekryteringskedja söker franchisetagare till Uppsala län
Staff Up - - 2012-02-03



