Ørsta, Rektorer på videregående skoler

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Rektor

Møre og Romsdal fylke løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.

Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.


Rektor - Ørsta vidaregåande skule

Har du lyst på ein spennande og utfordrande skoleleiarjobb i Ørsta?

Ørsta vidaregåande skule

Ørsta vidaregåande skule har ca. 300 elevar fordelt på 6 programområde, bygg - og anleggsteknikk, design - og
handverk, elektrofag, helse - og sosialfag, restaurant - og matfag,og teknikk og industriell produksjon. Skulen er opptatt
av at alle elevar opplever meistring gjennom aktivitet og utforsking. Vidare arbeider skulen aktivt for å skape gode
samarbeidsrelasjonar med lokalt arbeids - og næringsliv. Vi har 75 tilsette, og er ein vidaregåande skule med lange
tradisjonar med yrkesfagleg opplæring.

Ørsta er senter og bygdeby i Ørsta kommune på Søre Sunnmøre. Kommunen har meir enn******innbyggjarar. Ørsta
er kjend for eit aktivt musikkmiljø, og for vill og vakker natur.

Opplysningar om stillinga
Stillinga er fast og er ledig frå 01.08.11.

Vi ønskjer ein erfaren leiar som

  • er utviklingsorientert, tydeleg og samlande og har erfaring frå endringsarbeid
  • har pedagogisk kompetanse og god innsikt i vidaregåande opplæring
  • kan samarbeide med medarbeidarar og elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • kan bidra til at elevane får opplæring med utgangspunkt i mål i læreplanar og eigne føresetnader
  • har evne til å kommunisere, er initiativrik og har godt humør
  • ønskjer å utvikle skulen som ein aktiv deltakar i lokalt samfunns- og næringsliv

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø
  • Stor satsing på arbeidsgivarpolitikk med tiltak for leiarar og medarbeidarar for vekst og utvikling
  • Leiarutviklingsprogram og tilbod om vidareutdanning i skoleleiing
  • Individuelt tilpassa livsfasetiltak
  • Medlemskap i SPK (god tenestepensjon og gode forsikringsvilkår )
  • Løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Mangfald
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga.  Alle med ønska kompetanse er
velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.

Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk
søknad.

Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette
blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

Søknadsfrist 06.06.2011 

Kontaktpersoner
Per Hoem    fylkesutdanningssjef    ******    ******    ******
Line Sandøy Hjelle    Leder administrasjon71258694    ******    ******

Merk din ansøkan med pedagogjobb.no

Skriv ut

Bedrift

Sted

Stillingsprosent

- Heltid

ID

829362

Kategori

Utdanningsnivå

Arbeidserfaring

Firmaer