Rektor ved Gloppen opplæringssenter

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Gloppen opplæringssenter har til saman 9 årsverk og har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og flyktningar. Senteret driv i tillegg grunnskuleopplæring for vaksne og innføringsklasse for minioritetsspråklege grunnskuleelevar i kommunen. Administrasjons- og opplæringsspråket er nynorsk

Rektor går av med pensjon og vi har difor ledig 100% fast stilling som rektor ved Gloppen opplæringssenter med verknad frå 01.01.16

Søknadsfrist: 13.09.15

Rektor er administrativ og pedagogisk leiar med personalansvar for opplæringssenteret

Vi ynskjer ein leiar som har

  • pedagogisk utdanning og praksis, gjerne tilleggsutdanning i migrasjonspedagogikk
  • undervisningskompetanse for ungdomssteget (minimum grunnfag), gjerne i realfag
  • kunnskap om og interesse for fagområda senteret arbeider med, særleg opplæring av vaksne og multikulturelt arbeid
  • leiarerfaring, helst også leiarutdanning
  • visjonar for senteret si utvikling og framstår som ein tydeleg og inkluderande leiar
  • evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • evne til å inspirere og motivere medarbeidarane
  • solid IKT-kompetanse med evne og vilje til å lyfte senteret inn i framtida på området
  • gjennomføringskraft
  • evne og vilje til god økonomistyring
  • kunnskap om og lyst til å arbeide med entreprenørskap

Det vil verte nytta intervju i tilsettingsprosessen og vi vil be om referansar. Personlege
eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Løn og arbeidsvilkår
Løn etter avtale. For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast politiattest
før tiltreding.

Nærare opplysningar får du hos oppvekstsjef Olav Fure, tlf. ******

Elektronisk søknad
Søknad skal sendast elektronisk via Gloppen kommune si heimeside;
www.gloppen.kommune.no Merk søknaden med 15/467 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå/til-datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.

Olav Fure
oppvekstsjef
tlf. ******

Skriv ut

Bedrift

Sted

  • - Norge

Stillingsprosent

- Heltid

ID

1719506

Utdanningsnivå

Universitet/høyskole