Rektor ved Hyen skule

OBS! SØKNADSFRISTEN ER UTE, OG ANNONSEN ER UTGÅTT!

Vis aktive jobber i denne kategorien

Gloppen kommune har ledig 100 % vikariat som rektor ved Hyen skule og barnehage med verknad frå snarast til og med 31.07.2017.

Hyen skule er ein 1-10-skule lokalisert i Hyen, om lag 33 km frå kommunesenteret Sandane. Skulen er i planleggingsfasen for ei omfattande renovering. Barnehagen held til i nye lokale tett ved skulen. Elevtalet ligg stabilt kring 60 elevar, i barnehagen er det for tida 14 born. Ved skulen er det gymsal og symjehall i tillegg til bygda sitt idrettsanlegg med ny kunstgrasbane. Bygningsmassen vert drifta av kommunen si eigedomsavdeling. 

Hyen skule er i endring og utvikling. Dei siste åra har skulen hatt mange nytilsettingar grunna aldersavgang. No er skulen i planleggingsfasen til ei omfattande renovering, så her kan du få vere med på å skape ein skule for framtida.

Hovudarbeidsoppgåver

- Rektor er administrativ og pedagogisk leiar for Hyen skule og har personalansvar for dei tilsette ved skulen og barnehagen.
- Rektorstillinga ved Hyen skule er tillagd administrasjon av Hyen barnehage.

Vi ynskjer ein leiar som har:
- Pedagogisk utdanning og praksis.
- Leiarerfaring, helst også leiarutdanning.
- Visjonar for skulen si utvikling og framstår som ein tydeleg og inkluderande leiar.
- Evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar.
- Evne til å inspirere og motivere medarbeidarane.
- Undervisningskompetanse for ungdomssteget (minimum grunnfag) i eit av faga engelsk, matematikk eller norsk.
- Solid IKT-kompetanse med evne og vilje til å lyfte skulen inn i framtida på området.
- Evne og vilje til god økonomistyring.
- Kunnskap om og lyst til å jobbe med entreprenørskap.
- God fagleg innsikt og kunnskap om tenesteområdet.

Det vil verte nytta intervju i tilsettingsprosessen og vi vil be om referansar. Personlege eigneskapar vil bli tillagde stor vekt. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Lønn etter avtale.

Nærare opplysningar får du hos oppvekstsjef Olav Fure, tlf******.

Elektronisk søknad
 Merk søknaden med 13/1894 i feltet for Arkivsaksnummer. Ver nøye med utfyllinga. Du må føre opp praksis med frå og til datoar og føre opp alt du har av utdanning og praksis - også om du har sendt papira dine til kommunen tidlegare. Kopi av rettkjende attestar og vitnemål vil vi eventuelt be om seinare.
Marker søknad med PedagogJobb.no!

Skriv ut

Bedrift

Sted

Stillingsprosent

- Heltid

ID

1576525

Utdanningsnivå

Universitet/høyskole, Utdanning fra yrkeshøyskole