Oslo, Lektorer / Helse, sykepleie og sosialt
SJUKEPLEIE, førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
HiO er landets største statlige høgskole, med over******studenter og 1250 tilsatte, lokalisert i Oslo sentrum. HiO tilbyr arbeid i en spennende kunnskapsorganisasjon og søker flere engasjerte medarbeidere.
Høgskolen ønsker et mangfoldig studie- og arbeidsmiljø og at befolkningssammensetningen i regionen gjenspeiles blant våre tilsatte. Personer med minoritetsbakgrunn oppfordres til å søke.
SJUKEPLEIE, førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor (4 stillingar)
Ref. 2010/3584
Avdeling for sjukepleiarutdanning har om lag 1950 studentar og ca 160 stillingar. Avdelinga har eit av dei største utdannings- og forskingsmiljøa innan sjukepleie i landet og tilbyr bachelor- og masterstudium, og ei rekke vidareutdanningar.
Ved avdelinga er det frå 1. august 2011 ledig fire stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor. Vi ønskjer medarbeidarar med høgre grads eksamen i sjukepleievitskap/helsefag eller samfunnsvitskaplege fag, fortrinnsvis med førstestillingskompetanse. Vi ønskjer søkjarar med kompetanse innan desse områda: Eldre og langtidssjuke, internasjonal helse/folkehelse, praksisrettleiing/rettleiing på simulering- og ferdigheitsenhet (SF-enhet), palliativ behandling/kreftomsorg, naturvitskaplege tema. God datakunnskap vil bli lagt vekt på. I samband med intervju kan prøveforelesing bli aktuelt.
Stilling 1: førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor innan området eldre og langtidssjuke
Stilling 2: førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor innan området internasjonal helse/folkehelse
Stilling 3: førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor med hovudvekt på praksisrettleiing/rettleiing på simulering- og ferdigheitsenhet (SF-enhet)
Stilling 4: førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor innan området palliativ behandling/kreftomsorg
Utdanninga er organisert i fire studieløp med FoU som ligg til desse områda. Tilsette er organisatorisk plassert i eit løp, men vil avhengig av kompetanse og behov kunne jobbe på tvers av løpa.
Løp A er knytt til bachelorutdanning og master i klinisk sjukepleievitskap
Løp B er knytt til bachelorutdanning og master i psykisk helse og vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Løp C er knytt til bachelorutdanning og master i spesialsjukepleie
Løp D er fireårig bachelor deltid, bachelor, etterutdanning og kurs, samt FoU i høve til metodar, læring og utdanningsforsking.
Stillingane er knytte til undervisning og rettleiingsoppgåver i treårig bachelorutdanning, fireårig bachelorutdanning deltid samt vidareutdanningar og master. I bachelorutdanninga vil oppgåva i hovudsak vere undervisning i grunnleggjande sjukepleie og rettleiing i studiegruppar, på simulerings- og ferdigheitspost, i praksis og på bacheloroppgava. Avhengig av kompetanse vil stillingane få undervisning, rettleiings og fagutviklingsoppgåver i master og vidareutdanningar.
For alle stillingane legg ein vekt på relevant forskingserfaring i forhold til dei kunngjorte områda. Til stillingane høyrer undervisnings-, forskings- og rettleiingsoppgaver i teori og praksis, medansvar for å vidareutvikle emne og kurs med forskingsbasert undervisning og rettleiing, inkludert fagutvikling. Avdelinga har eit sosiokulturelt læringssyn med mappe som arbeids- og vurderingsform og vektlegg nettbasert undervisning og rettleiing. Røynsle med nyare lærings- og vurderingsformer undervisnings- og evalueringsmetoder og god datakunnskåp vil derfor bli lagt vekt på. Sjukepleiefaget og organisering av utdanninga er i stadig utvikling og dei som blir tilsette må vere førebudde på endringar i organisasjonen. Evne til samarbeid og fleksibilitet i forhold til kolleger, arbeidsmiljø og oppgåver, er særs viktig. Vi ser etter initiativrike og resultatorienterte medarbeidarar. Vi søkjer utadvendte, kunnskapsrike og engasjerte medarbeidarar med evne til å motivere og inspirere studentar. Avdelinga er i omstilling og erfaring frå endringsarbeid og prosjektarbeid vil bli lagt vekt på. Vidare er det ønskjeleg med gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
For tilsetjing som førsteamanuensis vert det kravd doktorgrad på aktuelt fagområde eller kompetanse på tilsvarande nivå, og dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
For tilsetjing som førstelektor vert det kravd dokumentert omfattande forsknings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling. Spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annan pedagogisk verksemd skal ein leggja stor vekt på. Det vil bli stilt krav om dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
For tilsetjing som høgskolelektor vert det kravd høgre grads eksamen ved universitet, høgskole eller tilsvarande og relevante forskingskvalifikasjonar utover mastergrads- eller hovudfagsnivå. Vidare krev ein dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Søkjarar som ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning, må forplikte seg til å gjennomføre høgskolen sitt program for pedagogisk basiskompetanse (15 studiepoeng) innan to år.
Høgskolen tilbyr ein spennande arbeidsplass med god anledning til fagleg og personleg utvikling. Tilsette vert omfatta av statens låne- og pensjonsordningar og nyt godt av ulike velferdstiltak.
Stillinga blir løna etter statens lønsregulativ, kode 1011, ltr. 57-64 (kr. ******) for førsteamanuensis, kode 1198, ltr. 57-64 kr. ******) for førstelektor, kode 1008, ltr. 46-57 (kr. ******) for høgskolelektor. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgre løn vurderast. Det vert trekt lovfesta innskott til Statens Pensjonskasse.
Vi oppmodar søkjarane til å sende sjølve søknaden og nødvendige opplysningar om utdanning og praksis ved å nytte linken til det elektroniske søknadsskjemaet, annan stad på denne sida. Dokumentasjon som nemnt under, må sendast i papirformat.
Eit sakkunnig utval vil vurdere søkjarane og dei må innan søknadsfristen går ut sende inn tre eksemplar (i papirformat) av:
- CV med fullstendige opplysningar om utdanning, praksis og anna fagleg verksemd
- Liste over vitskaplege arbeid
- Kopi av vitnemål og attestar
- Inntil 10 vitskaplege arbeid som ein vil ha vurdert
Vi ber om at søkjarar som ønskjer vurdering for opprykk til førsteamanuensis eller førstelektor opplyser om det i søknaden.
Nærare opplysningar om stillinga ved dekan Kari Toverud Jensen, tlf. ******eller avdelingsdirektør Lars Albertsen, tlf. ******.
Alternativt kan søknad med CV merka ”ref. 10/3584” sendast saman med vedlegg (sjå over) til Høgskolen i Oslo, Organisasjons- og personalseksjonen, Postboks 4 St. Olavs plass, 0130 Oslo, ANNONSE UTGÅTT
Etter ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli gjort kjent sjølv om søkjaren sjølv har bede om ikkje å stå oppført på søkjarlista.



